Nettleseren din støttes ikke. For best mulig opplevelse, bruk en av disse nettleserneChrome, Firefox, Safari, Edge
Gå til hovedinnhold

Musikkfestival

Billetter til Vinjerock

Arrangementer

2 Kommende arrangementer

Norge

2 Arrangementer

BILDE- OG VIDEOGALLERI

Om

Om Vinjerock

Jotunheimens trivelegaste festival - 1060 meter over havet!

Ei god blanding av liflege tonar og artistar frå fjern og nær, aktivitetar for friskusar, ekstreme smaksopplevingar for dei matglade og veldig mykje KOS! Festivalen går over tre dagar i juli kvart år. På Eidsbugarden ved breidda av Bygdin samlast 3500 friskusar for å høyre kvalitetsmusikk med Jotunheimen som bakteppe.

I tillegg til talrike konsertar, får festivalgjengarane moglegheit til å boltre seg i fjellheimen. På programmet står alt frå guida toppturar, til strikkekurs og fisketurar. Me serverer mat frå gode lokale råvarer, som er produsert av folk med eit hovud fullt av kunnskap og eit stort hjarte for lokal matkultur.

Av omsyn til tryggleik, naturvern og trivsel har vi nokre reglar for kva ein ikkje får ha med seg eller gjere i festivalcampen:

  • Eingongsgrillar
  • Glasflasker
  • Høgtalarar som speler med eit lydnivå som nærmar seg konsertvolum, til dømes Soundbox
  • Bålbrenning - nytt heller fellesgrillen me set opp ved stranda

Det er lov å nytte primus, men vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret.

Følg Vinjerock på Facebook og Instagram

FAQ

Me er langt inne i fjellheimen og da er det telt som gjeld! Men kva er vel betre enn å titt ut av teltåpninga og få sol i fjeset om morgonen?

Vinjerock har ein festivalcamp kor det er gratis å setje opp telt/lavvo, eller du kan booke ferdig oppsett lavvo i Lavvotellet. Les meir om det her.

Du kan anten ta festivalekspressen frå Bergen, Oslo, Sanvika eller Trondheim, den går heile vegen inn til festivalområdet torsdag og går retur til dei same byane frå festivalområdet sundag.

Kjem du til Vinjerock via anna kollektivtransport eller med bil tek du skyttelbuss frå parkeringsplassen på Tyin og inn til festivalområdet. Billett er inkludert i festivalpasset ditt torsdag og sundag.

 Meir info finn du her.

Ja, det kan du - under visse føresetnader: Hundar slepp ikkje inn på sjølve festivalområdet. I campen kan du ha hund, så lenge den ikkje er til sjenanse for andre gjester. I Vang kommune er det bandtvang mellom 1. april og 31. oktober. Det er ikkje tillate med hund på festivalbussen, på grunn av busselskapet sine krav til allergiomsyn. Eigen transport kan tingast hjå transportsjefen vår når det nærmar seg.

Av omsyn til tryggleik, naturvern og trivsel har vi nokre reglar for kva ein ikkje får ha med seg eller gjere i festivalcampen:

Eingongsgrillar
Glasflasker
Høgtalarar som speler med eit lydnivå som nærmar seg konsertvolum som for eksempel Soundbox
Bålbrenning - nytt heller fellesgrillen vi set opp ved stranda

Det er lov å nytte primus, men vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret.

Me gjer så godt me kan for å vere ein festival som er tilgjengeleg for alle og har tilgjengelegheitsmerket frå NKA. Du kan lese meir om korleis Vinjerock er tilrettelagt her.

OSZAR »